Betre samfunn gjennom betre organisasjonar
Vårt utgangspunkt er dette: der finst alltid eit handlingsrom. Difor startar me alltid med å forstå konteksten og det som er gjort frå før, slik at me er med å støttar opp om og forsterkar det arbeidet som alt er i gang. Målet vårt er å bidra til å bygge utviklingskapasiteten der den skal brukast, slik at me ikkje trengst lenger enn nødvendig. Ingen lange program, ingen utgreiingar om dei problema som må løysast av andre, men små steg, synlege resultat undervegs og minst mogeleg risiko. Og viktigast: ei varig evne til å gjere dei ein veit ein burde ha gjort om til handling.
Me jobbar med
Leiing er først og fremst ei åtferd, ikkje ei stilling. Me arbeider med leiarar som vil skape ny praksis, slik at leiing vert utvikla som ein del av ein heilskapleg retning.
Les meirDei fleste er gode til å løyse problem. Færre er trena i å finne ut kva problemet er. Me byggjer arbeidsformer som prøver smått, lærer fort og justerer undervegs.
Les meirStyring skal skape handlingsrom, ikkje fjerne det. Me ryddar i mål, prognosar, rapportering og pengar, slik at det blir lettare å gjere det alle eigentleg meiner er rett.
Les meirAnsvar utan mynde er den vanlegaste organisasjonsfeilen me møter. Me flyttar avgjerdene nærare oppgåva, med ei arbeidsform alle kan etterprøve og lære av.
Les meirEffektane me jobbar for
Me deler det me lærer undervegs. Kva som verkar, kva som ikkje gjer det, og kvifor.
Kuttlista i budsjettforslaget er sett opp eining for eining, men rekninga går dit innbyggjaren går.
25. september 2026*Dei fleste kommunar veit godt kva som skal til. Det vanskelege er å gjere det, og det er ikkje noko feil med folka.*
17. september 2026Det som blir normalt i kommunen om ti år, er truleg alt i gang hos nokon i dag. Det avgjerande er om nokon legg merke til det.
Me er Helle Selseng og Joakim Systaddal. Dei siste åra har me jobba med å drive utvikling på tvers i ein kommune, med eit fagleg fundament i Beyond Budgeting, medleiing, designtenking og systemtenking. Me er ein del av eit skandinavisk nettverk av praktikarar som jobbar for meir mennesklege og tilpassingsdyktige organisasjonar, og har kundar og oppdrag i Noreg og Danmark.
Meir om folka